SOLUND SOGELAG
  • Heim
  • Bøker / prisliste
  • SOLUNDARKIVET
  • INFORMASJON / HENDINGAR
  • MEDLEMSKAP / KONTAKT
  • Linkar / Facebook

Solundarkivet digitalt


I Solundarkivet er det store mengde historiske bilete lagra.  
Arkivet finn du her via linken (Solund Sogelag)

Det er Stig Steinsund som administrerar arkivet i dag. 
Ta kontakt med han om du har historiske fotografi som du ynskjer å registrere.
Ta gjerne også kontakt om du har fleire opplysningar til dei allereie registrerte bileta i Solundarkivet. 
Solundarkivet er tilgjengeleg for alle , men vel du å opprette ein  brukarkonto på Flickr (gratis) vil du få større glede av tenesta. 
Det vil då vere mogeleg å legge inn kommentarar direkte i ein kommentarboks under kvart bilete. Stig vil då få varsel om dette, og vil oppdaterer teksten på bildet.
(Flickr konto kan du opprette gratis frå denne linken;  https://identity.flickr.com/sign-up)

Alternativt kan du sende opplysningar om bilete / registreringar på Epost eller pr brev til:
Stig Steinsund
Skoterokkvegen 50
​6924 Hardbakke
e-postadresse :  [email protected]
(Referer gjerne til «Solundarkiv nr:.... » , som du finn på kvart bilete.)

​​
BRUK AV ARKIVET
.
Ei kort «bruksanvisning» rundt bruk av Flickr :
Har du trykt på linken øverst kjem du til Solundarkivet på Flickr.
Der kan du bla i bileta. Klikkar du på bileta får du fram tekst som høyrer med.  
Vil du søke etter bilete er det lurt å legge inn ordet «Solundarkivet» som første søkeord i søkefeltet, -så eit mellomrom og deretter ordet du vil søke etter.  Då søker du berre blant bileta i Solundarkivet.
(Søke-eksempel: Solundarkivet Utvær og trykk deretter søk/enter.  Då skal du få opp alle bilete som har ordet Utvær i teksten eller i emneorda til bildet.)
Om du klikkar på ”Show EXIF” ved bildeteksten får du fram alle data som vi har lagra saman med bilete. (Krev abonnement)
NB: Det kan variere litt korleis bilete og tekst blir vist, alt etter om du har ei Windows-maskin eller om du har Mac.  (det hender at Mac / Ipad / Iphone slit med å lese dei norske teikna Æ, Ø, Å i tekstane på ein del av bileta i arkivet. -Spesielt dei eldste bileta)
 
Dei siste registrerte bileta vil alltid ligge først i arkivet.
Pr i dag er det over 3300 bilete som er registrerte. Vi har framleis mange bilete som er scanna, men ikkje registrerte.  Desse blir lagt inn ved høve.

Foto som er brukte på Solund Sogelag sine heimesider er utdrag frå Solundarkivet sitt biletgalleri.
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • Bøker / prisliste
  • SOLUNDARKIVET
  • INFORMASJON / HENDINGAR
  • MEDLEMSKAP / KONTAKT
  • Linkar / Facebook