Årboka til Solund sogelag 2025 er ute for sal, og kan bestillast direkte hos oss ved å bruke kontaktskjemaet her, eller ved å kontakte nokon i styret. Den er og å få kjøpt på Gjenbruket på Hardbakke og Nærbutikken Nåra. Pris kr. 500,- + porto evt. Årets bok har 360 sider, og er ekstra stor. Laget har markert utvandringsjubileet og har funne fram til utvandra personar frå Solund som vi har skrive litt om. Elles kan vi m.a. lese historie frå Nesøy og Humledalen, om "Kongen" frå Maurstig, kommunehuset som arbeidssted i 1975 og om Sjur Olai Trovåg og andre i Shetlandsgjengen for å nemne noko. Ei rikhaldig og variert bok!
Solundkalenderen for 2026 er i handelen, pris kr. 175,-.
|
Solund sogeskrift for 2024 kjem i handelen frå veke 50, nærare bestemt rundt 12.desember 2024.
Dykk som ikke er medlemar i Solund Sogelag kan bestille boka ved å nytte kontaktskjema på heimesida her, eller ved å kontakte andre personar i styret. Årets bok har nærare 280 sider, og er rikt illustrert med foto. Frå innhaldslista kan m.a. nevnast "Magne og kunsten" av Øyvind Kråkås,"Farmor-Besta-Elisabeth Hjønnevåg" av Gerd Hjønnevåg og "Gudrun Irene Ingvaldsen-frå bydame i Laksevåg til mangesysleri på Lågøy" av Marit Sætveit. Fleire nye forfattarar har kommt til men det må nemnast spesiellt at Hans H. Steinsund framleis leverar årlege bidrag til sogebøkene! Pris for boka er kr.450,- for dei som ikke er medlemar, porto kjem evt. i tillegg. Sogelaget vil også ha Solundkalenderen 2025 for sal som tidlegare år, utsalspris for den er kr. 175,-. Den kjem i handelen ca 16.desember. Etter boksleppet torsdag 12.desember (sjå utklyppet ovanfor av annonsa på Facebook) vert bøker og kalendarar også å få kjøpt hjå Gjenbruket på Hardbakke og i butikken på Nåra, i tillegg til at ein kan bestille direkte frå Solund Sogelag. Det kan elles nemnast at Solund Sogelag og Gjenbruket på Hardbakke har alle årgangane av tidlegare utgjevne bøker frå Solund Sogelag for sal, lokalhistorie går ikke ut på dato..... |