SOLUND SOGELAG
  • Heim
  • Bøker
  • SOLUNDARKIVET
  • INFORMASJON / HENDINGAR
  • MEDLEMSKAP / KONTAKT
  • Linkar / Facebook
Solund Sogelag vart skipa 31.januar 2001. 
Føremålsparagrafen  til laget lyder som fylgjande :
"§ 1. Laget har til føremål å fremje interessa for slekts- og lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som er av verdi for kommunen si soge og som kan fortelje om folk sine levekår gjennom tidene."

Solund Sogelag er medlem av Landslaget for lokalhistorie.
Personane som utgjer styret i Solund Sogelag etter årsmøtet 08.03.2023 er fylgjande :
​Leiar: Roar Moe                        
Nestleiar: Finn Ytrøy                             
Kasserar: Anne Marie Gåsvær          
Sekretær: Hildur Signe Ytreøy            
Styremedlem: Hallstein Steinsund                  
Varamedlemar: Rune Kåre Indrøy, Nils Christian Bjørgo og Egil Røed  

Skriftnemda i Solund Sogelag

Medlemane i skriftnemda er : Bjørn Magne Hansen, Roar Moe og Stig Steinsund.
Leiar i skriftnemd er Bjørn Magne Hansen.

Ansvar for lesing av korrektur : Hildur Ytreøy, Anne Marie Gåsvær og Rune Indrøy.

​Hovudoppgåva til skriftnemnda i Solund Sogelag  er fylgjande :  leite og samle inn aktuellt stoff, og skrive dette ned til gode tekstar som kan brukast i komande Sogeskrift.  Arbeidsmåtane vekslar frå intervju til arkivsøking, og ellers kontakt med personar som er interesserte i lokalhistorie.
Ein stor del av arbeidet i skriftnemda er å finn gode illustrasjonsfoto til artiklane, og der blir Solundarkivet mykje nytta.
Alle dykk utanfor nemnda kan òg ta del i skrivinga , og små artiklar er like aktuelle som meir utfyllande tekstar.
Har du ferdig skrivne artiklar som har ei tilknyting til Solundsamfunnet si historie , ynskjer Solund Sogelag at du tek kontakt med leiar i skriftnemda Bjørn Magne Hansen. (sjå kontaktinfo.)

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Heim
  • Bøker
  • SOLUNDARKIVET
  • INFORMASJON / HENDINGAR
  • MEDLEMSKAP / KONTAKT
  • Linkar / Facebook